Personlig almanakk
Ny anbefaling! -> http://www.personligalmanacka.se
Her bestilte eg ein almanakk tysdag for to veker sidan. For dykk som ikkje veit kva ein almanakk er:
almanakk, fortegnelse over årets dager, uker, måneder, astronomiske opplysninger, minnedager m.m. Utkommer årlig. Inntil 1804 hadde Danmark og Norge felles almanakk. Siden 1814 er den no. a. blitt trykt i Norge og beregnet og utgitt av Universitetet i Oslo. Univ. hadde forlagsrett til utgivelse av a. til og med 1987.
(frå caplex.no, ei anna veldig bra side dersom du lurer på definisjonen til eit ord
)
| Kort sagt er det altså ei dagbok der du skriv ned gjeremål, bursdagar, lekser… you name it. Greia med personligalmanacka er at DU bestemmer korleis den skal sjå ut! I år har dei nokre skikkeleg kule framsider du kan velje mellom, og alle motiv kjem i forskjellige fargar (berre pass på at du trykker på årets designkolleksjon |
![]() |
“:V
Eg er ein personlig almanakk, ver venleg å returnere meg til eigaren min”
Og namnet mitt, adressa mi og andre kontaktmåtar.
![]() |
På innsida kan du velje sjølv kva farge linjene skal ha, og du kan putte inn spaltar med til dømes “dagens trening”, “dagens vær”, “vekas liste”, “vekas å-gjere” og “vekas prøvar” og mykje meir. |
Bileta er frå personligalmanacka.se
unt,tc
Raii

Tilpassa Windows XP
Satt og kjeda meg i fritimen i dag, så eg tenkte eg kunne tipse folk som brukar Windows XP men synst at det ser heilt tragisk ut (grønn startmeny på blå oppgåvelinje til dømes) og har lyst til å fiffe det litt opp.
Her kan du laste ned skins, tema, bakgrunnar og skjermspararar
Det står ganske tydeleg (ein stad) på sida korleis du skal gjere det.
Eg brukar eit tema som heiter Green Bandit, samstundes som eg har oppgåvelinja på høgre side i staden for nede. Det skal ikkje meir til før eg er nøgd med makeoveren
Fekk ikkje lasta opp skjermbilete av korleis det der ut på min CP, eh PC. Skal laste opp seinare viss eg får tid/husker det/gidder.
unt,tc
Raii

Teknologien kunne kome lenger
Så i dag var eg på YouTube (og det er ikkje hemmeleg at eg er ein STOR FAN av Graham Norton) og såg på Graham Norton Show, og kom over dette klippet med namnet Robotic Graham.
No kunne eg ha skrive både mykje og masse om temaet teknologi, men som Graham sjølv seier: “…and we thought technology would have come further. I rest my shitty case“.
unt,tc
Raii

Ikkje køyr og send SMS samstundes!
Såg denne walisiske sjokkfilmen mot SMS-ing og køyring. Den innheld sterke scener, så ikkje sjå om du er litt, eh, følsom.
Sjå filmen her, saman med artikkelen frå TV2.

Første skuledag, første oppdatering
Historie i første time, der fekk vi ikkje ha oppe PCane (smart dame). Så var det IT i to timar. Er no halvvegs i første IT-time. Windows 7 installert på PCane, så det tok si tid å starte opp. Midt i timen skulle nokon ha hjelp (går du i klassen min veit du med ein gong kem det er, men eg vil ikkje henge ut nokon med namn såeh) med lyden fordi det laga klikkelyd når han opna ei ny side i explorer. Då læraren kom bak til han var han på Facebook og klikka seg gjennom bilete der.
lol
Stay tuned for oppdatering.
Hello world!
Hallo. Her er bloggen min om ting eg interesserar meg for
OH, så tek eg betalt for teikningar
Sjå her for detaljar; prisar og eksempel.
Eg er å finne på YouTube og.
Skulestart på mandag, blir bra. Haha.
unt,tc
Raii


SocialVibe