Innlegg arkivert under ‘Lenker/links’
Lyst til å lage vulkan?
Ny anbefaling! -> http://dan-ball.jp/en/javagame/dust/
Dette er eit veldig bra spel, der du kan laga ufatteleg mykje ved hjelp av stoff, til dømes metall, frø, ild, C-4, bomber, menneske, gass, maur, superball..
I alt er det 28 element du kan leike med, pluss vind, luft, vifte, block, hjul og bobler.
Mitt forslag til startprosjekt:
VULKAN
Med BLOCK lagar du ein vulkan med opning på toppen. I botnen av vulkanen har du ein del MAGMA. Så trykker du på STARTSTOP nede i høgre hjørne slik at alt stoppar. Så teiknar du ei linje med C-4 over magmaen. Over der kan du ha GAS, NITRO, BOMB, OIL… anything
Når du er nøgd trykkar du berre på STARTSTOP att.
Dette er tidsfordriv på høgste nivå!
Ein er sjølvsagt ikkje begrensa til berre vulkanar. Ein kan for eksempel lage lange plantestilkar og så tenne på dei og sjå på at dei brenn. Noko for dei litt pyromane og, altså
unt,tc
Raii

Personlig almanakk
Ny anbefaling! -> http://www.personligalmanacka.se
Her bestilte eg ein almanakk tysdag for to veker sidan. For dykk som ikkje veit kva ein almanakk er:
almanakk, fortegnelse over årets dager, uker, måneder, astronomiske opplysninger, minnedager m.m. Utkommer årlig. Inntil 1804 hadde Danmark og Norge felles almanakk. Siden 1814 er den no. a. blitt trykt i Norge og beregnet og utgitt av Universitetet i Oslo. Univ. hadde forlagsrett til utgivelse av a. til og med 1987.
(frå caplex.no, ei anna veldig bra side dersom du lurer på definisjonen til eit ord
)
| Kort sagt er det altså ei dagbok der du skriv ned gjeremål, bursdagar, lekser… you name it. Greia med personligalmanacka er at DU bestemmer korleis den skal sjå ut! I år har dei nokre skikkeleg kule framsider du kan velje mellom, og alle motiv kjem i forskjellige fargar (berre pass på at du trykker på årets designkolleksjon |
![]() |
“:V
Eg er ein personlig almanakk, ver venleg å returnere meg til eigaren min”
Og namnet mitt, adressa mi og andre kontaktmåtar.
![]() |
På innsida kan du velje sjølv kva farge linjene skal ha, og du kan putte inn spaltar med til dømes “dagens trening”, “dagens vær”, “vekas liste”, “vekas å-gjere” og “vekas prøvar” og mykje meir. |
Bileta er frå personligalmanacka.se
unt,tc
Raii

Tilpassa Windows XP
Satt og kjeda meg i fritimen i dag, så eg tenkte eg kunne tipse folk som brukar Windows XP men synst at det ser heilt tragisk ut (grønn startmeny på blå oppgåvelinje til dømes) og har lyst til å fiffe det litt opp.
Her kan du laste ned skins, tema, bakgrunnar og skjermspararar
Det står ganske tydeleg (ein stad) på sida korleis du skal gjere det.
Eg brukar eit tema som heiter Green Bandit, samstundes som eg har oppgåvelinja på høgre side i staden for nede. Det skal ikkje meir til før eg er nøgd med makeoveren
Fekk ikkje lasta opp skjermbilete av korleis det der ut på min CP, eh PC. Skal laste opp seinare viss eg får tid/husker det/gidder.
unt,tc
Raii

Teknologien kunne kome lenger
Så i dag var eg på YouTube (og det er ikkje hemmeleg at eg er ein STOR FAN av Graham Norton) og såg på Graham Norton Show, og kom over dette klippet med namnet Robotic Graham.
No kunne eg ha skrive både mykje og masse om temaet teknologi, men som Graham sjølv seier: “…and we thought technology would have come further. I rest my shitty case“.
unt,tc
Raii

Ikkje køyr og send SMS samstundes!
Såg denne walisiske sjokkfilmen mot SMS-ing og køyring. Den innheld sterke scener, så ikkje sjå om du er litt, eh, følsom.
Sjå filmen her, saman med artikkelen frå TV2.



SocialVibe