Arkiv for september 16, 2009

Høyangerfolk

(Dette er ein liten sak eg skreiv i samband med opninga av Høyangerbadet.)

Ein kan seie mykje rart om Høyangerfolk, men praktiske er vi iallfall.

For ei stund tilbake fekk vi ein ny symjehall, og det vart sete i gong namnekonkurranse. Og du kan tru vi gleda oss til resultatet; kva skulle symjehallen heite??

Florø sin (relativt) nye symjehall heiter Havhesten, og vi skulle ikkje vere noko verre. Me skulle ikkje sjå oss slått av nokre nordfjordingar! Havhesten sin logo
Høyangerbadet sin logo (som manglar ein bindestrek) Vi venta, venta, og venta litt til. Så kom resultatet: det nye vedunderet skulle heite Høyangerbadet!
For eit namn, for ein stil! Det er jo perfekt! Det forklarar jo både kva det er og kor det ligg! Florø og havhesten deira kan gå og leggje seg.

Det ultimate skrekkscenarioet: den nye symjehallen får namnet “Havsula”. Folk høyrer snakk om “Havsula”, og spør seg sjølv (og sannsynlegvis alle rundt dei): kva pokker er “Havsula”? Ein fugl? Nei, ein kafé? Ein ny kino? Eit treningsstudio? Forvirringa var til å ta og føle på. Ingen veit noko. Alle var usikre. Psykologen tener meir i vekene etter lanseringa av namnet enn han hadde tent heile resten av året, og får råd til å ta seg ferie frå oktober til november og kjem heim att i desember med solbrun hud og thailandsk kone. Butikkar går konkurs fordi folk er så forvirra at dei ikkje vågar seg ut dørene i frykt for å bli konfrontert med denne styggedommen av eit namn. I staden for er dei reduserte til pilleknaskande aspeløv som sit og messar for seg sjølv: “”Havsula”? Kven kallar noko for “Havsula”? Dei må vere galne!”

Dette problemet vart avverga med det fantastisk praktiske og informerande namnet! Høyangerbadet, eit bad i Høyanger. Treng eg sei meir?


Høyangerbadet i bakgrunnen

Ikkje lenge etter gjentok Høyangerfolket suksessen då namnet på den nye ungdomskaféen skulle bestemmast. Vi hadde blandt anna avstemming på skulen, og valet stod mellom Kafé Bluss, Kafé Smia, Kafé Ung, Ungdomskaféen og Apotheket.
Det var avgjort før det byrja. Sjølvsagt måtte det bli Ungdomskaféen! Det er eit namn som er Høyanger verdig; det skildrar både kva det er, og kven det er for!
Seriøst, Kafé Bluss? Kafé Smia? Ikkje ver morosam.
Og Apotheket? Med th? Er ikkje dansketida over? Dessutan har vi allereie eit apotek i Høyanger, takk skal du ha.

No har det altså skjedd igjen. Eides Hotell fekk ny eigar, og med det eit funklande nytt namn. Kan du gisse? Ja, nemlig! Høyanger Hotell!(korleis gjetta du det??)

Er dette fordi Høyangerfolk er dumme? Er det fordi at vi i møte med småabstrakte namn vert usikre og smånevrotiske, og hulkar stille medan vi prøver å tenke ut kva i all verda namnet kan tilhøyre? («Meieribygget? M-m-men vi har jo ikkje noko meieri i Høyanger!»)

Ifølgje Høyangerfolk bør eit namn på noko skildre heilt konkret kva det er, kor det ligg, bruksområder og kven det er for. Minst.

Men alt i alt, eg tykjer Høyangerfolket skal ha ros for snusfornuftigheita si. Noko må dei trass i alt ha for å kompensere for den elendige kreativiteten sin.

september 16, 2009 at 5:26 pm 1 kommentar

Elskar du piratar?

Eg snakkar sjølvsagt om Pirates of the Caribbean!

Sjølvsagt.

Uansett, eg likte alle tre filmane, og berre den første spela inn over 3 milliardar(wikipedia), noko som vitnar om at eg ikkje var den einaste.

 Og Johnny Depp var ganske suveren i rolla som Jack Sparrow. Derfor vart eg glaaad då eg fekk vite at det kjem ein PotC 4.  Gløym Elizabeth, gløym Will, det er CAPTAIN Jack Sparrow filmen skal handle om.

Ifølgje beyondhollywood.com skal filmen heite “On Stranger Tides”, og skal handle om Jack Sparrow si jakt på ungdommens kjelde. Akkurat det er ikkje nøye. Det er Pirates. Det er Johnny Depp.

Jack Sparrow: hard fyr

I rest my case.

unt,tc

Raii

Kjelder:

http://www.beyondhollywood.com/pirates-of-the-caribbean-4-gets-a-strange-title-plus-tides/
http://www.celebritycutouts.net/images/jack-sparrow-cutout.jpg

september 16, 2009 at 5:01 pm Kommenter innlegget

Vekas Demotivational 2

Her er denne vekas bilete!

september 16, 2009 at 4:53 pm Kommenter innlegget


Kalender

september 2009
m ty o to f l s
« Aug   Feb »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  

kategoriar

SocialVibe



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.